Sonate i C-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo
Utsjånad
BWV 1033 Sonate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1736 | ||
Publiseringsdato | 1867 i Leipzig | ||
Typisk lengd | 08:51 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | C-dur |
|
|||||||||||||||||
Problem med å høyra desse filene? Sjå mediahjelp. |
Sonate i C-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo av Johann Sebastian Bach (BWV 1033) er ein sonate i fire satsar:
- Andante – Presto
- Allegro
- Adagio
- Menuett 1 – Menuett 2
Generalbassen kan verte spelt av forskjellige instrument.
Dette er ein av fløytesonatar som ein ikkje er sikker på om Bach verkeleg skreiv. Den tidlegaste kopien ein har vart laga av sonen til Bach, Carl Philipp Emanuel Bach, som rett og slett berre kan ha vore noteskrivar for faren.[1] Dei to første satsane verkar ikkje å vere like moden som Bach sine andre fløytesonatar, noko som kan tyde at det var ein mindre erfaren komponist som skreiv musikken, eller at Bach prøvde seg fram i ein sjanger som var ny for han.[1] Det kan ha vorte skrive så tidleg som i 1718.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Sonata for flute & keyboard in C major, BWV 1033 på Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sonatar for fløyte og basso continuo, BWV 1033-1035: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.