Songa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Songa er ei elv i Vinje kommune i Telemark. Ho er ein del av Tokkevassdraget, som vidare utgjer den vestlegaste delen av Skiensvassdraget.

Elva har utspring ved Fonnagavlen, lengst vest i Hellevassdalen, i Odda kommune i Hordaland, i den sørlege delen av Hardangervidda nasjonalpark. Ho renn fyrst mot aust, passerer turisthytta Hellevassbu ved Øvre Hellevatnet. Etter Nedre Hellevatnet snur elva mot søraust og renn ved Songemoen ut av nasjonalparken, og ved Fjarefithytta inn i Songavatn. Songavatn er gjennom Songadammen regulert 35 meter og er hovudmagasin for Songa kraftverk.

Etter Songadammen held elva fram mot søraust, og renn gjennom den tronge og djupe kløfta Urdbøglupen. Ved Arabygdi vert dalen igjen litt breiare, og elva munnar her ut i innsjøen Totak. På grunn av kraftutbygginga er elva stort sett alltid tørrlagt nedfor Songadammen.