Songen Baby Face (1926)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Baby Face»
Musikk av Harry Akst
Tekst av Benny Davis
Publisert 1926

«Baby Face» er ein populær song. Musikken vart komponert av Harry Akst og teksten skriven av Benny Davis. Songen vart publisert i 1926. Same året gjekk Jan Garber til topps med songen.

Ein instrumental versjon av songen vart nytta i 1933 i filmen Baby Face med Barbara Stanwyck i hovudrolla.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Baby Face» er blitt framført og spelt inn av mange artistar gjennom åra, mellom andre Al Jolson.

I 1958 nådde Little Richard 12. plassen på R&B-lista og 41. plassen på poplista med sin versjon av songen.[1] Han vart òg ein stor hit i Storbritannia der han nådde andreplassen på singellista i januar 1959.

I 1962 spelte Bobby Darin inn ein versjon av songen.

I 1967 vart eit refreng miksa med Hallaluja-refrenget i Thoroughly Modern Millie.

I 1974 framførte Paul McCartney and Wings songen på piano i One Hand Clapping. Han framførte seinare songen på Secret-turneen i 2007.

Seint i 1975 spelte discogruppa Wing and a Prayer Fife and Drum Corps inn ein versjon av songen som nådde andreplassen på disco-lista.[2] Denne versjonen nådde òg 32. plassen på soul-lista og 14. plassen på Hot 100[3] vinteren 1976. I Storbritannia nådde singelen 12. plassen i februar 1976 og låg sju veker inne på Topp 50.

Ein versjon sungen av Muppet Chickens finst på albumet The Muppet Show 2.

Andre kjende innspelingar av songen er gjort av:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 356. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 282. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 632.