Bing Crosby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bing Crosby
Bing Crosby 1951.jpg
Fødd3. mai 1903
FødestadTacoma
Død14. oktober 1977 (74 år)
DødsstadMadrid
AliasBing Crosby
OpphavUSA
Sjangerjazz, popstandardard
Instrumentvokal
Stemmetypebassbaryton
PlateselskapDecca Records
Verka somskodespelar, songar, jazzmusikar, manusforfattar, filmskodespelar, radioprogramleiar
Gift medKathryn Crosby, Dixie Lee
BornGary Crosby, Lindsay Crosby, Mary Crosby, Nathaniel Crosby, Phillip Crosby, Dennis Crosby, Harry Crosby
PrisarPeabody Award, Grammy Lifetime Achievement Award, Oscar for beste mannlige hovedrolle, American Music Award of Merit, World Golf Hall of Fame
Bing Crosby i 1977
Foto: Allan Warren

Harry Lillis «Bing» Crosby (3. mai 190314. oktober 1977) var ein amerikansk songar og filmskodespelar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Crosby var fødd 3. mai 1903 i Tacoma i Washington, men trudde alltid sjølv at fødedatoen var 2. mai 1904.[1][2] I 1906 flytta familien til Spokane,[3] der han voks opp.[4]

Crosby fortalde sjølv om korleis han fekk tilnamnet «Bing» i eit radiointervju i 1937. Han skal ha leika politi og røvar som liten, og stadig vekk «skote» folk med ordet «bing».[5][6][7]

I 1917 hadde Crosby ein sommarjobb ved Auditorium i Spokane, der han såg framståande utøvarar som Al Jolson. Han skildra seinare Jolson si framføring som «electric».[8]

Crosby gjekk ut frå Gonzaga High School i 1920 og byrja studera ved Gonzaga University. Her blei han verande i tre år, men oppnådde ingen grad.[9] I 1937 blei han gjeven eit æresdoktorat av universitet.[10] I dag huser Gonzaga University ei stor samling fotografi, korrespondense og anna materiale knytt til Crosby.[11]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Bing Crosby blei kjend frå slutten av 1920-åra gjennom samarbeid med mellom anna Paul Whiteman og Bix Beiderbecke.[4] Han var svært populær på 1930- og 1940-talet, og er ofte rekna som den første popstjerna i musikkhistoria. Ein avslappa, lett innsmigrande syngestil som crooner og plystrar blei stilskapande for neste generasjon populærsangerar. Grammofonplater av Crosby blei selde i millionar av eksemplar, og han heldt på populariteten inn i etterkrigstida.[4]

Crosby si innspeling av Irving Berlin-songen «White Christmas» (1942) var fram til 1977 verdas mest selde grammofonplate.

Crosby var også ein dyktig filmskodespelar. Han debuterte med King of Jazz (Jazzkongen, 1930) og vann stor popularitet i Road-filmane (1940–52) saman med Bob Hope og Dorothy Lamour. Han vann ein oscarpris for Going My Way (Vandre min vei, 1944). andre filmar han spelte i var White Christmas (1954), The Country Girl (Bak kulissene, 1955) og High Society (Fint folk flørter, 1956), i sistnemnde saman med Louis Armstrong og Frank Sinatra.

I 1953 gav han ut sjølvbiografien Call Me Lucky.[4]

Ein av Crosby sine siste opptredendar var på Momarkedet på Mysen i 1977.[4]

Posthumt fekk han ein stor hit i 1982 med «Peace on Earth/Little Drummer Boy», i ein duett med David Bowie.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grudens, 2002, s. 236. "Bing was born on May 3, 1903. He always believed he was born on May 2, 1904."
  2. Giddins, Gary. «Bing Bio – Bing Crosby». bingcrosby.com. Henta 5. juli 2018. 
  3. Blecha, Peter (29 August 2005). «Crosby, Bing (1903-1977) and Mildred Bailey (1907-1951), Spokane». historylink.org. Henta 5 July 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «Bing Crosby». Store norske leksikon (på norsk). 2014-09-29. 
  5. «She Loves Me Not, starring Bing Crosby and Nan Grey». free-classic-radio-shows.com. Henta 5. julu 2018. 
  6. Brown, Robert (29. hanuar 2014). «Times Past Old Time Radio : Lux Radio Theater». Times Past Old Time Radio. Henta 5. juli 2018. 
  7. Goldin, J. David (3. mai 2018). «The Lux Radio Theatre». radiogoldindex.com. Henta 5. juli 2018. 
  8. Gilliland 1994, cassette 3, side B.
  9. Kershner, Jim (21. februar 2007). «Gonzaga University». HistoryLink.org. Essay 8097. Henta 10. mai 2014. 
  10. «Bing Crosby comes home to his Gonzaga». Spokane Daily Chronicle. 21. okotber 1937. s. 1. 
  11. Plowman, Stephanie. «LibGuides: Manuscript Collections: Crosby». researchguides.gonzaga.edu (på engelsk). Henta 4. desember 2018.