Sorenskrivar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sorenskrivar er ein offentleg embetsmann og nemninga på ein dommar som er øvste administrative leiar av ein domstol i fyrste instans. Domstol i fyrste instans vil med veldig få unntak seie tingrett. Sorenskrivarordninga blei innført på bygdetinga ved forordning av 31. juli 1591. Forordninga kom med påbod om at det skulle tilsetjast ein «svoren skriver» i alle sokn, dvs. ein for kvart bygdeting sin rettskrets, eller tinglag, som det seinare vart kalla i Christian IVs Norske Lov av 1604. Embetsdistriktet til ein sorenskrivar bestod vanlegvis av fleire tinglag. Frå slutten av 1920-tallet vart ikkje nemninga tinglag brukt. I staden vart det skildra kva for herad (kommunar) embeta dekka.

Sorenskrivaren skulle opphavleg ikkje vere dommar, men ein skrivar som hjelpte lagrettemennene, først og fremst med å forme ut og skrive ned domsbreva. Etter kvart fekk likevel sorenskrivaren ein dommarfunksjon; fyrst som meddommar, seinare som hovuddommar og i enkelte tilfelle einedommar. I forordning av 23. oktober 1634 fekk sorenskrivaren status som einedommar saman med lagrettemennene. Med Christian Vs Norske Lov av 1687 blei bygdetinget den nye fyrsteinstansen i landdistrikta, og sorenskrivaren blei einedommar i alle sivile saker og straffesaker som ikkje høyrde inn under militær eller geistleg rett.

Sorenskrivarane har i stor grad helde på statusen sin sidan, men viktige endringar skjedde i 1890 då Straffeprosessloven av 1887 trådde i kraft, samt i 1927 då fyrste del av sivilprosessreformen tredde i kraft. Fordi sorenskrivarane var einedommarar, var praksis heilt fram til 1960-talet å opprette nye sorenskriveri når eitt embete fekk for stor arbeidsbyrde. Etter dette har utviklinga gått i retning av å slå saman embete til større, kollegiale domstolar.

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Arkiv etter sorenskriveria finst i statsarkiva, som høyrer inn under Arkivverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]