Hopp til innhald

Sotelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sot
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 630 km²
Lengd 170 km
Munning Gorkij-reservoaret i Volga
Kart
Sotelva
57°58′34″N 40°41′49″E / 57.976167°N 40.697056°E / 57.976167; 40.697056
Wikimedia Commons: Sot river

Sot (russisk Соть) er ei elv i Jaroslavl oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga. Elva er 170 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 630 km².

Kjelda til Sot ligg nær landsbyen Pervomajskij. Elva munnar i dag ut i Gorkij-reservoaret i Volga, men før reservoaret vart bygd var ho ei av sideelvane til Kostroma.

Dei største sideelvane hennar er Lunka og Konsja, begge frå høgre. Elva har lenge vorte nytta til tømmerfløyting.