Hopp til innhald

Spellemannprisen 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1976 vart delt ut våren 1977. Pianisten Robert Levin fekk heidringssprisen frå juryen dette året, og det vart delt ut pris i klassen «rock» for fyrste gong.

Noreg arrangerte samstundes VM i skiskyting, ei hending som også vart kringkasta til andre nasjonar. NRK stod for produksjonen av begge hendingane men hadde ikkje nok utstyr til å sende begge i fargar. Overføringa til andre land vart prioritert høgast og Spellemannprisen vart derfor overført i svart/kvitt dette året.

Klasse Artist Tittel
VokalistWenche MyhreWenche
PopMatch med Wenche HallanMatch
RockArbeidslagetGrovarbeid
Folkemusikk/gammaldansToradertrioenTakk for sist
JazzBjarne NeremEverything Happens to Me
Klassisk musikk/samtidsmusikkEinar Steen-NøklebergNorsk barokk og galanterier
Open klasseMorten Gunnar LarsenClassic Rags & Stomps
VisesongOle PausI anstendighetens navn
BarneplateVisvasMaleri av Visvas
Spesialpris: heidringspris frå juryenRobert Levin