Spenningskollaps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spenningskollaps er eit omgrep som vert nytta når abonnentane tek ut meir effekt enn kraftverket kan levere. Når straumen i overføringsnett aukar fører dette til større spenningsfall over leiarane i overføringsnett, slik at spenninga hjå abonnentane vert redusert. Energileverandøren syter vanlegvis for at spenninga på høgspenningsnettet er på minst 90 % av nominell spenning (66, 132, 300 eller 420 kV).

Om spenninga fell under 90 % av nominell spenning vert lyset frå glødelamper mørkare, noko som på engelsk har gjeve opphav til omgrepet «brown-out». Om energiuttaket aukar for mykje kan sikringsbrytarar i overføringsnettet kople ut delar av overføringsnettet.

Marginen til spenningskollaps vert kalla «lastmargin». Om lastmarginen er liten, kan svært små endringar i lasta føre til at lastmarginane blir overskridne. Om marginen føre overlastsikringane koplar ut er liten, kan sjølv ein liten auke i effektuttaket kunna føre til spenningskollaps. Eit godt sikra nett vil vera dimensjonert for å kople ut delar av nettet, slik at feilen ikkje spreier seg til større område.