SV Britannia vart skipa 12. oktober 1958 då det vart arrangert eit offisielt fotballag for dei lokale undommane i Piedra Plat. Dei spelte sin fyrste kamp i 1960 og slo Vitesse Cashero 3–1. I 2001 rykte SV Britannia opp til Aruban Division di Honor, arubisk fyrstedivisjon. Dei vann seriemeisterskapane i 2004/05, 2008/09 og 2009/10. Laget deltok òg i CFU Club Championship i 2006 og 2007 i eit forsøk på å kvalifisere seg til Meisterligaen til CONCACAF.