Sporveismuseet på Munkvoll
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/76/Str%C3%B8mmen_and_Leopold_tram_at_Munkvoll.jpg/220px-Str%C3%B8mmen_and_Leopold_tram_at_Munkvoll.jpg)
Sporveismuseet på Munkvoll i Trondheim er eit museum på Munkvoll på Byåsen, drive av Sporveishistorisk forening for å take vare på gamalt materiell frå både nedlagde Trondheim Sporvei og den framleis eksisterande A/S Graakalbanen. Museet vart etablert i 1994 og opna i 1995. Deretter har det vore halde ope om sommaren.