St. George's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. George's
St George's i år 2000.
St George's i år 2000.
St George's i år 2000.
Styresmakter
Land Grenada
Grunnlagd 1650
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3900
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Plassering
Plassering av St. George's
Plassering av St. George's

St. George's er hovudstaden på Grenada i det karibiske havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart bygd av franskmennene i 1650. Han ligg på sørvest-kysten av øya Grenada, som er den største øya i landet. St. George's er omgjeven av eit vulkansk krater og ligg på ei hesteskoforma hamn. På siste halvdelen av 1700-talet vart byen råka av to store brannar. Midt på 1880-talet vart St. George's gjort til hovudstaden på dei britiske Windward-øyane. Seinare, på 1900-talet vart byen, saman med resten av Grenada, ein del av den vestindiske føderasjonen, som bestod av britiske koloniar i Karibia. I 1974 vart Grenada uavhengig frå Storbritannia, og St. George's vart gjort til hovudstad.

St. George's og Grenada er i dag ofte plaga med orkanar. I 2004 råka orkanen Ivan øya hardt, og skadde eller øydela 90 % av heimane på Grenada. Neste år kom orkanen Emily, som heldigvis ikkje råka øya like hardt.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Turisme er ein viktig del av økonomien til Grenada, og mange turistar kjem på vitjing til St. George's kvart år. Byen har også ein del eksport av kakao og muskat.

Fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

I St. George's finst m.a. fleire sjukehus, ein medisinsk skule, ein romersk-katolsk katedral frå 1818, anglikansk kyrkje frå 1825, Fort George som vart bygd av franskmennene i 1705, marknadsplass, Grenada National Museum, badestrand og cricket-stadion Queen's Park som vart brukt under verdsmeisterskapen i cricket i 2007. Lufthamna Maurice Bishop International Airport ligg 8 km sørvest for byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]