St. Tomas øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Tomas øy sett frå Arkutino.

St. Tomas øy (bulgarsk остров св. Тома, ostrov sv. Toma) eller Slangeøya (Змийски остров, Zmijski ostrov) er ei bulgarsk øy i Svartehavet, 15 km sør for Sozopol. Ho har eit areal på 3 000  m²[1] og er del av Ropotamo naturreservat.

St. Thomas øy er kalla opp etter eit kapell vigd til Apostelen Tomas, som ein gong låg på øya. Det andre namnet, Slangeøya, kjem av dei mange grå vasslangane som finst på øya, og som lever av fisk.

Kaktusar på St. Tomas øy.

Øya er den einaste staden i Bulgaria med viltveksande kaktusar. Dei vart tatt med frå Bratislava og planta her etter ordre frå tsar Boris III i 1933. Sidan då har dei spreidd seg og dekt det meste av øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]