Hopp til innhald

St. Ives i Cornwall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St Ives i Cornwall)
Denne artikkelen handlar om byen i Cornwall. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå St. Ives.
St. Ives
Porth Ia
by
Land  England
Region Cornwall
Areal 9,41 km²
Folketal 11 226 (2011)
Grunnlagd 400-talet
Postnummer TR26 1/2/3xx
Retningsnummer 01736
Kart
St. Ives i Cornwall
50°13′N 5°29′W / 50.21°N 5.48°W / 50.21; -5.48
Wikimedia Commons: St Ives, Cornwall

St. Ives (Porth Iakornisk) er ein kystby i Cornwall i England. Han ligg nord for Penzance og vest for Camborne. Han var tidlegare avhengig av fiske, men er no først og fremst eit turistmål.

Under Bønebokopprøret i 1549 var St. Ives åstad for eit kjent overgrep. Den engelske Provost Marshall kom til byen, og inviterte borgarmeisteren, John Payne, til lunsj på eit vertshus. På førehand bad han borgarmeisteren om å sørgje for at det vart reist ein galge medan dei åt. Etter måltidet gjekk dei saman til galgen, der borgarmeisteren vart hengt fordi han var katolikk.

St. Ives i Cornwall.
Foto: Tom Corser

Byen vart modernisert etter at jarnbanen kom i 1877. Med jarnbana følgde òg den første turismen. Mange av bygningane i sentrum er reist i siste fjerdedelen av 1800-talet.

I 1928 la kunstnarane Alfred Wallis, Ben Nicholson og Christopher Wood grunnlaget for ein kunstnarkoloni som enno finst i St Ives. Ei avdeling av Tategalleriet opna i byen i 1993; Barbara Heptworth Museum med ein skulpturhage er underlagt galleriet.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: St. Ives i Cornwall