Grevskap i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grevskapa i England

Grevskapa i England (county) er område nytta som administrative, geografiske og politiske einingar. Heile England er delt inn i 48 seremonielle grevskap, som òg vert kalla geografiske grevskap. Mange av desse grevskapa har opphav langt tilbake i historia, heilt til antikken[1], medan andre vart oppretta så nyleg som i 1974.[2] Bortsett frå Greater London og Isles of Scilly er England delt inn i 83 metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskap. Desse samsvarar med område nytta for lokalt styresett og kan bestå av eitt enkelt distrikt eller vere delt inn i fleire. I april 2009 er 27 slike grevskap inndelt i distrikg og har eit grevskapstyre. Dei fleste seremonielle grevskapa samsvarar med eit metropolitansk eller ikkje-metropoliansk grevskap med same namn, men ofte med reduserte grenser. Den noverande ordninga er eit resultat av ei vaksande reform. Frå 1974 til 1996 samsvara dei metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskapa heilt med dei seremonielle grevskapa. Frå 1889 til 1974 vart område med grevskapstyre kalla adminsitrative grevskap og seremonielle grevskap vart definert utanom.[3] Som ein del av postvesenet vart det oppretta 48 postgrevskap frå 1974 til 1996, men desse har sidan vorte avskaffa av Royal Mail. Grevskapa vert nytta som geografiske område for mange institusjonar som politi og brannvesen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hampton, W. (1991). Local Government og Urban Politics. 
  2. Redcliffe-Maud & Wood, B. (1974). English Local Government Reformed. 
  3. Kingdom, J. (1991). Local Government og Politics in Britain.