Stalheim Hotell

Stalheim Hotell med Nærøydalen og Stalheimkleiva i bakgrunnen.
Foto: Frå Fylkesarkivet i Vestland, cirka 1910.
Stalheim Hotell er eit hotell på Stalheim, ca. 36 km aust for Voss langs E16 og 12 km vest for Gudvangen inst i Nærøyfjorden. Hotellet slik det står i dag vart bygd i 1960 og utvida i 1966. Det har 124 rom og plass til 218 gjestar. Hotellet ligg på toppen av Stalheimkleiva.