Star Wars Episode III: Sithene tar hevn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Star Wars Episode III: Sithene tar hevn (opph. Revenge of the Sith) er ein amerikansk science fiction-film frå 2005, regissert av George Lucas. Filmen er den sjette Star Wars-filmen som har blitt laga, men omhandlar del tre i sagaen. Filmen er derfor den avsluttande delen på forlaupar-trilogien. Den har Hayden Christensen, Ewan McGregor og Natalie Portman i hovedrollane som Anakin, Obi-Wan og Padmé. Blant utanlandske fans blir filmen oftast omtalt som ROTS eller Revenge.

Handlinga i filmen går føre seg tre år etter klonekrigen, og jediridderne er spedt ut i galaksen, i kamp mot separatistane. Då det ser ut som om den ljose sida skal vinne krigen, fell demokratiet i den galaktiske republikken saman, og det mørke imperiet si tid startar, under leiing av den vonde sithherren Darth Sidious. Filmen portretterar ogso unge Anakin Skywalker, som går frå den ljose til den mørke sida, og blir omskapt frå ein jediridder til sithherren Darth Vader, som er sentral i den originale trilogien.

I motsetning til Den skjulte trussel og Klonene angriper fekk filmen god kritikk båe av kritikarar og fans då den kom ut den 19. mai 2005. Den slo ogso ei rekkje rekordar når den hadde tent 200 000 000 amerikanske dollar berre åtte dagar etter premièren. Filmen blir rekna som ein av dei mest suksessrike innanfor Star Wars-sagaen, sidan den er den mest tente etter Den skjulte trussel og hadde flest billetter selt etter Den skjulte trussel, og Jediridderen vender tilbake.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]