Start Point i Devon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Start Point i Devon
Start Point i Devon

Start Point er eit nes i distriktet South Hams, og eit av dei sørlegaste punkta i Devon i England. Det markerer den sørlege enden av Start Bay, som strekkjer seg nordover til munningen til elva River Dart.

Bergartane på neset er grønskifer og glimmerskifer, forma av metamorfisme av sediment frå devontida.

Då det var mange skipsforlis i området, vart Start Point fyr bygd i 1836 for å varsle skip i området om farane ved neset og dei omliggande klippene. Fyret og fuglelivet her gjer at mange vitjar staden.

Namnet Start kjem frå det gammalengelske ordet steort, som tyder «høg».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°13′17″N 3°38′19″W