Staut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Staut
OpphavValdres, Noreg
Aktiv2009 til i dag
SjangerCountry, folkrock
MedlemmerGaute Lein Ausrød
Ørnulf Juvkam Dyve
Asle Tronrud
Dag Arve Sandnes
Frode Flatland
Torgeir Bolstad

Staut er ei norsk folkrockgruppe frå Valdres i Oppland. Gruppa vart skipa i 2009 av Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar), Ørnulf Juvkam Dyve (tråorgel, trekkspel, piano, vokal), Dag Arve Sandnes (gitar, mandolin), Asle Tronrud (fele, vokal), Torgeir Bolstad (kontrabass, vokal) og Tom Jonli (trommer).

Musikken er laga og arrangert av gruppa sjølv. Tekstane vert skrivne av Ørnulf Juvkam Dyve, som har fått tildelt «Målprisen» av Valdres mållag for flittig bruk av dialekt i sitt musikalske virke. Debutalbumet til gruppa, òg kalla Staut, vart slept i mars 2010 og kom inn på VG-lista, der det vart liggande i fleire veker.[1] Hausten 2011 følgde gruppa opp med Eigarlaus, som nådde 2. plass . Albumet gav Staut radiohits med «Slepp me inn» og «Tomfat». Mot slutten av 2011 vart Jonli erstatta av trommeslagaren Alf Magne Hillestad. I april 2013 gjekk Staut til topps med tredjealbumet Stugureint. Året etter kom St. Peppersby, der Frode Flatland spelte trommer. Gruppa følgde opp med Ja i januar 2017 og Makalaus i januar 2019.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2010 Staut
  • 2011 Eigarlaus
  • 2013 Stugureint
  • 2014 St. Peppersby
  • 2017 Ja
  • 2019 Makalaus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Staut». VG-lista. Henta 8. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]