Steinar Skjeseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinar Skjeseth
Fødd 25. mars 1924
Død

31. juli 1996

Yrke geolog, professor

Steinar Skjeseth (19241996) var ein norsk geolog.

Skjeseth vart statsgeolog i Noregs geologiske undersøkingar i 1950, og frå 1963 vart han professor ved Noregs landbrukshøgskule. I 1980 vart han tilknytt Institutt for georessurs- og forurensningsforskning (seinare Jordforsk).

Han oppretta det første vassboringsregisteret i landet og skreiv mange populær artiklar og bøker om geologien og grunnvasstilhøva i landet. Norge blir til var ei bok som kom ut i store opplag. Han var òg ein populær foredragshaldar og i 1989 fekk han Landbruksdepartementets populærvitskapleg pris og i 1990 Kongens fortenestmedalje i gull for informasjonsarbeidet sitt innan geologien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]