Stengel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stengel med blomsterknoppar på Heuchera marmelade.

Stengel er ein urteaktig plantedel som ber blada mot ei lyskjelde og fører vatn og næringsstoff rundt i planten. Som regel er stengelen over jorda, men han kan også vera omdanna til eit underjordisk lagringsorgan som ein jordstengel, knoll eller lauk.

Stengelen er avstiva av plantefibrar og inneheld infrastrukturen i plantens i form af vassførande vedvev og røyrsystem.

Kimstengelen er den første stengel ei spire utviklar. Denne blir danna like etter at kimrota er utvikla, og ber kimblada. Etterkvart utviklar han seg til ein sterkare stengel for den nye planten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Berner jr., Endre. «Stengel» (8. mars 2012), Store norske leksikon.