Steve Irwin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Irwin
Steve Irwin.jpg
Fødd 22. februar 1962
Upper Ferntree Gully
Død

4. september 2006 (44 år)
Batt Reef

Yrke manusforfattar, programleiar, journalist, skodespelar, miljøvernar, forretningsdrivande, oppdagar, herpetolog
Steve Irwin på Commons

Stephen Robert Irwin, kjent som Steve Irwin (fødd 22. februar 1962, død 4. september 2006) var ein australsk fjernsynspersonlegdom og naturvitskapsmann best kjend frå fjernsynsserien The Crocodile Hunter, ein ukonvensjonell naturdokumentar som han leia saman med kona Terri Irwin. Irwin døydde under innspelinga av ein undervassdokumentar 4. september 2006, etter å ha vorte stukke i hjartet av ein piggrokke. Han etterlét seg kone og to ungar.

Steve Irwin matar ei krokodille i Australia Zoo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]