Steve Kanaly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Kanaly
Fødd14. mars 1946
FødestadBurbank
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar

Steven Francis Kanaly (fødd 14. mars 1946), kjend som Steve Kanaly, er ein amerikansk skodespelar, best kjend for rolla si som Ray Krebbs i CBS-serien Dallas.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kanaly vart fødd i Burbank i California. Han er mest kjend for rolla si som Ray Krebbs, formannen for Southfork Ranch, på fjernsynssåpeoperaen Dallas frå 1978 til 1989. Han gjentok rolla i den siste episoden av serien i 1991, og igjen for gjenforeningsfilmen Dallas: War of the Ewings i 1998. Han spelar rolla att òg i Dallas. Medan han spelte inn tv-serien var han med i andre seriar som Time Express i 1979. Frå 1994 til 1995 hadde han også ei rolle på ABC-dramaserieen All My Children som «Seabone Hunkle», faren til Dixie Cooney Martin (spelt av Cady McClain).

Han har òg vore gjest på ei rekkje andre fjernsynsprogram. I filmbransjen samarbeidar han ofte med forfattaren og regissøren John Milius, mellom anna i The Life and Times of Judge Roy Bean, Dillinger, The Wind and the Lion og Big Wednesday. Andre filmrollar inkluderer The Terminal Man, My Name is Nobody og Midway.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]