Stockinish Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stockinish Island
Lokalt namn: Eilean Stocainis
Geografi
Stockinish Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°49′ N 6°49′ WKoordinatar: 57°49′ N 6°49′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,49 km²

Høgaste punkt 44 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Stockinish Island (skotsk-gælisk Eilean Stocainis) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg i utkanten av the Minch i Loch Stockinish, søraust for Harris. Ho er 0,49 km² stor og det høgaste punktet på øya er 44 meter over havet.[1]

Øya er ikkje busett og vert nytta som beite.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen på Stockinish består av lewis-gneis.

I sørvest ligg den vesle Eilean Leasait og i sør ligg Stac nam Faoileag. Det ligg fleire grunner i sør, som stikk opp av sjøen ved lågvatn.

Vatnet Loch an t-Sàile dominerer mykje av øya. Vatnet er ei tidlegare vik som vart demd opp, truleg ei tidlegare fiskefelle som i dag vert nytta som hummarfangstplass.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.