Stord folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stord Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Stord kommune i Vestland fylke.[1] Skulen er den nyaste folkehøgskulen i Noreg, og vert den 84. i rekkja.[2] Skulen vil liggja i Leirvik sentrum, i Stord kommune, midt i Sunnhordland i Vestland fylke.

Skulen er ny frå hausten 2021, og vil årleg ta imot opp til 125 elevar. Skulen er eigd av eit samarbeid med næringsliv og kommune.

Stord Folkehøgskule er ein skule som vektlegg entreprenørskap i til nærings- og organisasjonsliv, med SN sine berekrafsmål i botn.[3]

  • Motocross med Danmark-turné
  • Politi og vektar
  • Entreprenøren og Idémakaren
  • Friluftsliv: Fjord, fjell og friskliv!
  • Film- og TV-skapar
  • Idrett: Multisport Explore
  • Stipendiatlinje Stord Folkehøgskule

Stord Folkehøgskule vart oppretta av Geir Angeltveit som prosjekt i 2018.[4] På statsbudsjettet for 2020 vart skulen løyvd oppstartsmiddel, og i statsbudsjettet for 2021 fekk skulen konsesjon til å starta opp.[5]

Skulen vil overta, pussa opp og byggja om dagens Grand Hotell, Osen 5 i Leirvik sentrum.

  • Lars Solberg (styreleiar)
  • Gaute Straume EPland (ordførar, Stord kommune)
  • Bjørg Tislevoll
  • Signa Ekeland
  • Geir Angeltveit (dagleg leiar)
  • Agnete Braathen (sekretær)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stord Folkehøgskule - Ei tid for endring - Landets nyaste folkehøgskule». Henta 17. november 2020. 
  2. «Folkehøgskole? Velg blant 84 folkehøgskoler i Norge på folkehogskole.no» (på norsk). Henta 29. oktober 2020. 
  3. «Stord Folkehøgskule - Ei tid for endring». Henta 29. oktober 2020. 
  4. Hope, Vidar (5. juni 2018). «Presenterer ny folkehøgskule på Stord». Henta 29. oktober 2020. [daud lenkje]
  5. Berger, Ingvild Siglen (12. november 2019). «Ny folkehøgskule på Stord får 750.000 kroner». Arkivert frå originalen 10. august 2020. Henta 29. oktober 2020.