Storebæltbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Storebeltbrua)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°20′13.744″N 11°0′8.8704″E

Storebæltbrua
Storebæltsbroen from Sjælland.jpg
Offisielt namn Storebæltsbroen
Transporterer Biltrafikk
Stad Sprogø og Sjælland i Danmark
Utforming Hengebru
Total lengd 6 790 m

Storebæltbrua (dansk: Storebæltsbroen) er ei hengebru mellom dei danske øyane Sprogø og Sjælland. Brua er den austlegaste av dei to bruene på det 18 kilometer lange Storebæltsambandet mellom Fyn og Sjælland.

Brua er 6 790 meter lang. Det frie spennet er 1 624 meter, noko som gjer brua til verdas tredje lengste hengebru etter Akashi-Kaikyo-brua i Japan og Xihoumen-brua. På det høgaste er vegbanen ca. 70 m over vassflata, av omsyn til den internasjonale skipstrafikken i Storebælt. Pylonarane, som ber kablane til hengebrua, er 254 m høge. Med dette er dei mellom dei høgaste punkta i Danmark.

Det er berre vegtrafikk over brua, jarnbanen går i undersjøisk tunnel. Bygginga starta i 1989, og brua vart opna i juni 1998. Jarnbanen vart opna i 1997. Brua er bygd, eigd og drifta av selskapet Storebælt A/S. Årsdøgnstrafikken (ÅDT) var i 2004 ca. 24 000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storebæltbrua
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.