Sjælland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjælland
Geografi
Stad Mellom Fyn og Skåne i Sverige
Koordinatar 55°30′N 11°45′E

Areal 7 031 km²

Administrasjon
Land Danmark
Region Region Hovedstaden og Region Sjælland
Største busetnad København (1 230 607 innb.)

Demografi
Folketal 2 115 317 (2006)
Folketettleik 300 /km²

Sjælland er den største øya i Danmark, med meir enn 2 millionar innbyggjarar. Ho ligg mellom øya Fyn og Skåne i Sverige. Mellom Fyn og Sjælland ligg sundet Storebælt, som vert kryssa av Storebæltbrua, medan Øresundbrua går over Øresund til Skåne.

Hovudstaden i Danmark, København, ligg på austsida av Sjælland, i tillegg til øya Amager. Andre større byar på Sjælland er Roskilde, Helsingør, Slagelse, Næstved, Holbæk, Køge, Kalundborg med fleire.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Sjælland» tyder anten 'sel-land' eller 'fura land'. Den gammaldanske forma er Sialand (1231), medan den eldste kjende forma er Siolundi.[1] Det latinske namnet er Selandia, det tyske Seeland og det engelske Zealand.

Opphavsoge[endre | endre wikiteksten]

I norrøn mytologi vart øya danna då gudinna Gefjon lurte Gylfe, den første svenske kongen av Gylfaginning. Ho fjerna eit stykke land frå Sverige, og flytta det til Danmark, og slik vart øya Sjælland til. Landstykket som vart fjerna frå Sverige vart fylt med vatn og vart innsjøen Mälaren.[2]

Nordkysten av Sjælland ved Gilleleje, med utsyn over Kattegat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sjælland er hovudsakleg eit morenebakkelandskap med fleire låge dalar, åsar og sletter. Kysten er fot det meste låg og sanddekt med ei rekkje bukter, som Isefjord, Roskilde Fjord og Køge Bugt i aust. Nokre stader finst det klipper, som kalkklipper (kalkklint på dansk) ved Stevns Klint og leirklipper ei rekkje andre stader. I nord er det mange sjøar, som Arresø og Esrum sø. Store areal er dyrka mark.[3]

Det høygaste naturlege punktet på øya er Kobanke på 122,9 moh. Det høgaste punktet på 126 moh. er den kunstig anlagte Gyldenløveshøj.[3]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei 2 208 348 innbyggjarane på Sjælland (2013) bur i og rundt den danske hovudstaden København. Den danske dialekten som blir tala her heiter sjællandsk, og er utgangspunktet for riksdansk.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Udvalgte stednavnes betydning», navn.ku.dk; Jan Katlev, «Sjælland …», sprogmuseet.dk
  2. Den Store Danske Encyklopædi sin artikkel om Gefjon
  3. 3,0 3,1 «Sjælland» (1. juli 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. januar 2015.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.