Strøklengd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lang strøklengd gjev bølgjer med høg energi..

Strøklengd (engelsk fetch) er lengda ein bølgjeskapande vind har blese over open sjø. Omgrepet vert nytta innan geografi og meteorologi og effektane er vanlegvis knytte til sjøgang.

Strøklengda og vindstyrken er dei to avgjerande faktorane for sjøgangen og kor store bølgjene kan verte. Vindretninga vert rekna som konstant. Dess lengre strøklengda og større vindstyrken er, dess meir vindenergi vert påført vassflata og dess større vert havbølgjene.

Flyttande strøklengd[endre | endre wikiteksten]

Lågtrykk skapar gjerne kraftig vind, og når lågtrykka flyttar seg med same fart som bølgjene får ein det ein kallar flyttande strøklengd («moving fetch»). Dette fører til at dei same bølgjene får tilført meir og meir energi frå vinden, og dermed kan bølgjehøgda vert høgare enn det strøklengda normalt skulle tilsei.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Vind som bles frå austkysten av Nord-Amerika til vestkysten av Irland har ei ekstrem lang strøklengd, og skapar særs høge bølgjer om vindstyrken er høg og vindretninga den same lengda.

Dei største bølgjene i sørlege og sentrale område av Nordsjøen oppstår i samband med nordavind som strekkjer seg frå Svalbard og heilt sør til sørkysten av Nordsjøen. Bølgjehøgdene kan då verte over 12 meter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]