Strandlinje
Ei strandlinje eller vasslinje er ei skjeringslinje mellom land og ei vassflate i havet eller i innsjøar. På grunn av erosjon frå bølgjeslaga, såkalla abrasjon, i kaldt klima òg frostsprenging og iserosjon, kan det dannast innhakk i landoverflata som markerer strandlinjer.
Viss havet stig eller søkk i tilhøve til landoverflata, kan desse innhakka vernast som merkar etter tidlegare havnivå.
Eit diagram som syner havnivået til ulike tider vert kalla strandforskyvingskurve.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Strandlinje. (2012, 5. oktober). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/strandlinje.
- Bryhni, Inge. (2011, 20. oktober). Strandforskyvningskurve. I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/strandforskyvningskurve.