Stratos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Restauranten Stratos

Stratos er ein sjokolade som vart lansert av Nidar i 1936. Sjokoladen blir reklamert som lett og luftig, grunna luftboblene inni sjokoladen som blir danna under produksjonen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I dei første åra etter lanseringa blei Stratos seld under mottoet «Alt godt kommer ovenfra». På 1960-talet produserte Nidar 120 platar Stratos i minuttet og på 1970-talet auka produksjonen med heile 40 %, noko som førte til at Stratos blei kjend som daglegvare. I 1975 blei raud Stratos lansert, som også inneheldt nøtter. Denne var i produksjon fram til 2001, men blei lansert på nytt i 2005. Den blå Stratosen har sidan 1980 brukt ei blå ku som marknadsføringsmiddel.