Streik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Streikande transportarbeidarar brukte røyr i samanstøyt med væpna politi i gatene i Minneapolis i 1934

Streik er når arbeidstakarar går til felles arbeidsnedlegging. Dersom partane ikkje vert samde om ein avtale kan arbeidstakarane streike, eller nekte å jobbe, til visse krav vert innfridde. Streik vart fyrst viktig under den industrielle revolusjonen, då fabrikkane og gruvene var avhengige av store mengder arbeidskraft. I dei fleste land vart streik snarleg gjort ulovleg ettersom fabrikkeigarane hadde langt meir politisk makt enn arbeidarane. Dei fleste vestlege land legaliserte delvis streik seint på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet.

Streik har òg vorte brukt for å tvinge myndigheitene til å endre politikken og til og med å styrte makthavarane. Eit kjent døme er streiken på verftet i Gdansk leia av Lech Walesa. Streiken var viktig i kampen for politisk endring i Polen, og var eit viktig steg mot fallet av dei kommunistiske riksstyra i Aust-Europa.

Streiketaktikk har ei lang historie. Mot slutten av det 20. egyptiske dynastiet, under Farao Ramesses III for rundt 3 500 år sidan, organiserte arbeidarane på den kongelege nekropolisen (dødsby) den fyrste kjende streiken, eller arbeidaropprøret, i historia. Grunnen var mangel på kvitlauk, som arbeidarane brukte for å betre uthaldet og den generelle helsa si. Hendinga vart nedskriven i detalj på papyrus, som er bevart og no er i Torino.[1]

Lover, forskrifter eller arbeidsavtalar regulerer kva streikar som er lovlege og kva for nokre som er ulovlege. Dei tilsette får normalt ikkje løn under ein streik, men kan verte finansierte frå ein streikekasse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. François Daumas, Ägyptische Kultur im Zeitalter der Pharaonen. Munich: Knaur Verlag, 1969, s. 309)