Stromeyeritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stromeyeritt

Stromeyeritt
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelAgCuS
Strunz-klassifisering02.BA.40
KrystallsymmetriOrtorombisk

Stromeyeritt er eit sølvhaldig ertsmineral, AgCuS.

Det vart oppdaga i 1832 i det sentrale Böhmen i Tsjekkia, og kalla opp etter den tyske kjemikaren Friedrich Stromeyer som utførte dei første analysane av mineralet.[1][2]

Det er påvist i små mengder frå ein malmførekomst i Grongfeltet, der det opptrer saman med mckinstryitt, (Ag,Cu)2S.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]