Stryneelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°54′33.188″N 6°45′31.147″E Stryneelva er ei elv i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Elva kjem frå Strynevatn (29 moh.) og munnar ut i Nordfjord i tettstaden Stryn. Ho er 8 kilometer lang. Det viktigaste tilløpet til Strynevatnet er Hjelledøla frå aust og Erdalselva frå søraust. Hjelledøla heiter Videdøla ovanfor samanløpet med Skjeringsdalselva frå nord. Denne har sine øvste kjelder på Strynefjellet.

Stryneelva renn gjennom Strynedalen, som er ein U-dal med fjell på begge sider opp mot 1500 moh. Elva har meandrerande elveløp som buktar seg gjennom eit frodig kulturlandskap. Ho er rekna som ei god lakseelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]