Substrat
Utsjånad
Eit substrat er i lingvistikken det språket som opphavleg vert snakka i eit område når eit anna kjem og tek over i samfunnet. Det språket som tek over i samfunnet vert kalla superstrat.
Eksempel på substratspråk
[endre | endre wikiteksten]Eit døme på substrat er det iberiske språket som vart snakka på den iberiske halvøya då Romarriket invaderte halvøya og latin vart offisielt språk. Eit anna eksempel er samisk substrat i nordgermansk.[1] Eit meir heimleg døme er overgangen i det samiske området frå ukjent paleolitisk-europeisk til samisk.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jurij Kusmenko. Der samische Einfluss auf die skandinavischen Sprachen: ein Beitrag zur skandinavischen Sprachgeschichte. [=Berliner Beiträge zur Skandinavistik, 10] Berlin: Humboldt-Universität zu Berlin, 2008. ISBN 978-3-932406-25-6
- ↑ Ante Aikio. An essay on substrate studies and the origin of Saami. Etymologie, Entlehnungen und Entwicklungen: Festschrift für Jorma Koivulehto zum 70. Geburtstag, red av. Irma Hyvärinen / Petri Kallio / Jarmo Korhonen. [=Mémoires de la Société Néophilologique de Helsinki, 63]. Helsinki: SUS, 2004, 5–34