Sūduva
Utsjånad
(Omdirigert frå Sudovia)
Sūduva eller Sudovia (litauisk Sūduva eller Suvalkija, polsk Suwalszczyzna eller Jaćwież; tysk Sudauen) er eit område nordaust i Polen og sør i Litauen. Det er òg rekna som ein av dei etnografiske regionane i Litauen. Suwałki er den største byen i Suduva i Polen og Marijampolė vert rekna som hovudstad i regionen i Litauen. Eit lite grenseområde rundt byane Suwałki og Sejny (kalla Suvalkairegionen) vart emne i ein strid mellom Litauen og Polen etter den første verdskrigen
Namnet på området kjem frå dei gamle sudovarane, ei baltisk stamme som levde i området. Dei vart erobra og assmiliert med litauarar, polakkar og tyske riddarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sudovia» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2008.