Suffiksveksling i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Suffiksveksling i fulfulde

Nominalklassesuffiksa i fulfulde, som vi primært finn på substantiv, adjektiv og partisipp, varierer i form, her illustrert med fire substantiv i NGAL-klassen (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek):

  • gerl-al 'rapphøne'
  • jigaa-wal 'gribb'
  • iloo-gal 'fiskeørn'
  • jaaw-ngal 'perlehøne'

Desse fire variantane utgjer dei fire suffiksvekslingsstadia til suffikset i NGAL-klassen. Dei fire stadia har desse namna:

  • -al nullstadiet
  • -wal kontinuantstadiet
  • -gal plosivstadiet
  • -ngal prenasalstadiet

Dei tre siste stadia, kontinuantstadiet, plosivstadiet og prenasalstadiet, kan jamførast med dei tre stadia i framlydsvekslinga. Her er eit oversyn over alle dei vekslingsrekkjene som finst ved nominalklassesuffiksa:

Suffiksvekslinga
Ɗ-rekkja Gi/e-rekkja Gu/o/a-rekkja B-rekkja D-rekkja K-rekkja
Nullstadiet - - - - r -
Kontinuantstadiet j y / w w w r h / w
Plosivstadiet ɗ g g b d k
Prenasalstadiet ɗ ng ng mb nd k

Det står y / w i kontinuantstadiet i Gi/e-rekkja. Vi finn w i Fuuta Jaloo- og Maasina-dialekten og y i andre dialektar. Det står h / w i kontinuantstadiet i K-rekkja. Vi finn w i Maasina-dialekten og h i andre dialektar. B-rekkja finst berre i Fuuta Jaloo- og Fuuta Tooro-dialekten.