Sumbasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sumba Strait.png

Sumbasundet (indonesisk: Selat Sumba) er eit sund i Indonesia. Sundet skil øya Sumba i sør frå dei større øyane Flores og Sumbawa, så vel som nokre mindre øyar som Komodo og Rinca i nord. Gjennom det om lag 280 kilometer lange og 48-88 km breie sundet går ei viktig skipslei mellom Indiahavet i vest og Savuhavet i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]