Hopp til innhald

Suomalaisen Kirjallisuuden Seura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suomalaisen Kirjallisuuden Seura
Typeregistrerad förening
Skipa1831
HovudkontorKronohagen
Nettstadhttps://www.finlit.fi/ Sjå dette på Wikidata
Hovudbygningen til Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, Regeringsgatan 1 i Helsingfors.
Foto: Tuomo Koistinen

Suomalaisen Kirjallisuuden Seura (SKS, svensk Finska litteratursällskapet ) er ein organisasjon som har som mål å fremje kjennskap til og forsking på finsk kultur og kulturarv, særleg språk, litteratur og folketradisjon.

SKS vart grunnlagd i 1831[1] av folk i krinsen kring Helsingfors universitet som var interessert i finsk språk i å fremje ei nasjonal reising via arbeidet for språket. Røtene til SKS ligg i Åboromantikken rundt Åbo Akademi frå 1820-talet.

SKS publiserte mellom anna Kalevala i 1835 og Kanteletar i 1840.[2] Ordet kirjallisuus, som er det finske ordet for litteratur, vart laga av Elias Lönnrot nett for SKS.

SKS har omfattande arkiv innanfor folkeminne, litteratur og språk, og som forlag gjev SKS kontinuerleg ut bøker om finske emne av høg kvalitet.

Danninga av SKS har mykje til felles med danninga av Det norske samlaget.

  1. Kasekamp, Andres (26. oktober 2017), A History of the Baltic States (på engelsk), Bloomsbury Publishing, ISBN 978-1-350-30728-5, henta 19. november 2025
  2. Library Guides website, Finnish folklore: information sources in English: Kalevala and Kanteletar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura