Superbowl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

The Super Bowl («gigantpokalen»), i blant berre kalla Super Bowl, er meisterskapskampen i National Football League i amerikansk fotball i USA. Kampen spelast årleg på den siste søndagen i januar eller den første søndagen i februar, mellom vinnarane av NFL-avdelingane American Football Conference (AFC) og National Football Conference (NFC). Vinnaren mottar Vince Lombardi-troféet.

Den første Super Bowl-kampen blei spelt 15. januar 1967, mellom Green Bay Packers og Kansas City Chiefs. Regjerande meister er Los Angeles Rams, som slo Cincinnati Bengals 23-20 i Super Bowl LVI.

Dagen ein speler Super Bowl på, er nå akta av fleire som ei uoffisiell amerikansk nasjonal høgtid, kalla Super Bowl Sunday. Det er den nest største dagen for amerikansk matinntak, etter Thanksgiving Day. I 2015 blei Super Bowl XLIX den mest sedde amerikanske tv- programmet i historia med eit gjennomsnittleg sjåartall på 114,4 millionar.

Pittsburgh Steelers og New England Patriots har vunne seks Super Bowl-tevlingar, meir enn noko anna lag. Dallas Cowboys og San Francisco 49ers har fem sigrar kvar, mens Green Bay Packers og New York Giants har vunne fire Super Bowl meisterskap. 14 andre NFL franchiser har vunne minst ein Super Bowl.