Superkontinentet Columbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Superkontinent Columbia)
Hopp til navigering Hopp til søk

Columbia er eit av dei eldste superkontinenta på jorda. Det vart først lagt fram av J.J.W. Rogers og M. Santosh,[1] og ein meiner det eksisterte i perioden frå 1,8 til 1,5 milliardar år sidan i paleoproterozoikum. Det bestod av proto-kratonar som utgjorde dei tidlegare kontinenta Laurentia, Baltica, Ukraina, Amazonia, Australia og kanskje òg Sibir, Nord-Kina og Kalahari i tillegg. Bevis for eksistensen til Columbia er basert paleomagnetiske data.[2]

Storleik og plassering[endre | endre wikiteksten]

Columbia er estimert til å ha vore om lag 12 900 km frå nord til sør og om lag 4800 km på det breiaste. Austkysten av India hang fast i vestlege delar av Nord-Amerika, medan sørlege delar av Australia hang saman med vestlege delar av Canada. Det meste av Sør-Amerika var snudd andre vegen slik at dagens Brasil låg langs austsida av Nord-Amerika og danna ein kontinentalmargin som strekte seg inn i sørlege område Skandinavia.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rogers, J.J.W. og Santosh, M., 2002, Configuration of Columbia, a Mesoproterozoic supercontinent. Gondwana Research, v. 5, s. 5-22
  2. Lauri J. Pesonen, J. Salminen , F. Donadini og S. Mertanen (2004). «Paleomagnetic Configuration of Continents During the Proterozoic» (PDF). Henta 19. august 2008. 
  3. «New Supercontinent Dubbed Columbia Once Ruled Earth». SpaceDaily. 18. april 2002. Henta 19. august 2008.