Supermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk valentinskort frå 1940 dekorert med bilde av Supermann.

Supermann (tidlegare også Stålmannen; engelsk Superman) er ein figur i teikneserien Superman av DC Comics. Supermann blei fødd som Kal-El på planeten Krypton, og blei som barn send til jorda av faren hans, Jor-El, og mora, Lara rett før Krypton eksploderte. Fartøyet med Kal-El landa på jorda utanfor byen Smallville, der Kal-El blei oppdaga og adoptert av Jonathan og Martha Kent, som kalla han Clark Kent.

Etterkvart som Clark voks opp, oppdaga han at han hadde spesielle krefter og evner. Han bruker desse kreftene til å kjempe mot vondskap og redde liv. Men som Clark Kent jobbar han som journalist for avisa Daily Planet i byen Metropolis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]