Susan Lim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Susan Lim
Dr Susan Lim Mey Lee.jpg
Fødd1962
Singapore
NasjonalitetSingaporsk
YrkeKirurg, entreprenør, vitskapskvinne
InstitusjonarSingapore Chinese Girls' School, Raffles Institution, Monash University, University of Melbourne, Trinity College
Alma materMonash University
University of Cambridge
Kjend forLevertransplantasjon
UtmerkingarFellow of Trinity College, American Academy of Continuing Medical Education-prisen, 100 Women (The University of Newcastle)

Susan Lim Mey Lee er ein singaporsk kirurg, entreprenør og vitskapskvinne som er kjend for å ha utført den fyrste vellukka levertransplantasjonen i Asia i 1990.[1][2]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Lim blei fødd i Singapore og studerte ved Singapore Chinese Girls' School og seinare ved Raffles Institution. I 1974 fekk ho stipend gjennom Colombo-planen til å studera medisin ved Monash University i Australia. Frå 1977, under studietida, hadde ho tilhald ved Trinity College, ein del av University of Melbourne

Karriere[endre | endre wikiteksten]

29. september 1990 var ho sjefskirurg for den fyrste vellukka levertransplantasjonen i Asia.[3]

I 2001 byrja ho å behandle systera til den bruneiske dronninga for kreft i venstre bryst.[4]

I 2003 starta ho bioteknologiføretaket Stem Cell Technologies (SCT), som forskar på bruken av modne stamceller i celleterapi og regenerativ medisin.[5] I 2004 gjekk SCT inn i eit forskingssamarbeid med National University of Singapore med fokus på bruken av modne stamceller til behandling av diabetes. Året etter blei ho vald inn som Fellow of Trinity College.[6] Ho er den yngste, og attpåtil den fyrste personen frå Singapore til å motta denne heidringa.

Lim oppretta fondet Indiapore Trust saman med ektemannen Deepak Sharma, formann ved Citigroup Private Bank, og Satpal Khattar, ein ven av Lim. Fondet gav 50 000 amerikanske dollar til Straits Times School Pocket Money Fund, som hjelper vanskelegstilte foreldre med skoleutgifter. Fondet har også donert eit vitskapslaboratorium til Raffles Junior College og tildelt stipend til tilsidesette barn i Singapore og India.

American Academy of Continuing Medical Education oppkalla sin 28. pris etter Lim for å heidre hennar karriere, bidrag og internasjonale bragd.[5]

Lim sitter i den rådgjevande komitéen i International Society for Stem Cell Research.[7] I april 2011 var ho føredragslesar på TED-konferansen, der ho snakka om fordelane ved å transplantere celler føre organ.[1]

I oktober 2011 blei ho skriven inn i boka 100 Women av The University of Newcastle, ei bok som heidrar bragdene til 100 oppsiktsvekkjande og inspirerande einskildkvinner, både i Australia og elles.[8]

Singapore Medical Council versus Dr. Susan Lim[endre | endre wikiteksten]

I februar 2011 blei Lim skulda for å ha overtrekt ein av pasientane sine, Pengiran Anak Hajah Damit, systera til den bruneiske dronninga.[9] Saka blei teken til Helsedepartementet i Singapore av Singapore Medical Council (SMC). Beløpet på 24 millionar singaporske dollar blei trekt for behandling over ein periode på 110 dagar frå januar til juni 2007.

I august 2012 blei ho funne skuldig i forsøming og fråtadd retten til å praktisere medisin i 3 år. Ho blei også dømd til å betale ei bot på 10 000 SGD og fekk påbod om å skrive under sensur. Lim anka straffeutmålinga og fekk fortsetje praksisen i påvente av dom.

28. juni 2013 blei anken avslått og retten valde å fastsetje dommen på alle punkt.[9]

SMC kravde i utgangspunktet 1,33 millionar SGD for å dekkje sakskostnadane. Høgsteretten meinte dei påståtte sakskostnadane mot Lim var overdrivne og reduserte beløpet til 317 000 SGD.[10] SMC anka dommen og fekk beløpet oppjustert til 825 000 SGD.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Transplantér celler, ikke organer». TED Conferences, LLC. Henta 15. mars 2016. 
  2. «Australian High Commission and Singapore’s UNIFEM join forces to celebrate women». Australian High Commission Singapore. Henta 15. mars 2016. 
  3. «First liver transplant». National Library Board Singapore. Henta 15. mars 2016. 
  4. «Singapore Medical Council Disciplinary Committee Inquiry for Dr Susan Lim Mey Lee» (PDF). Singapore Ministry of Health. Henta 15. mars 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Susan Lim». TED Conferences, LLC. Henta 15. mars 2016. 
  6. «Dr Susan Lim». TEDxBerkeley. Henta 15. mars 2016. 
  7. «Global Advisory Council». International Society for Stem Cell Research. Henta 15. mars 2016. 
  8. «100 Women». The University of Newcastle. Henta 15. mars 2016. 
  9. 9,0 9,1 «Lim Mey lee Susan v Singapore Medical Council 2013 SGHC 122». SingaporeLaw. Henta 15. mars 2016. 
  10. «Susan Lim case: Court slashes Singapore Medical Council's cost claims from surgeon». The Straits Times. Henta 15. mars 2016. 
  11. «Susan Lim's legal bill rises to $825k as SMC wins appeal». The Straits Times. Henta 15. mars 2016.