Svartebørs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svartebørs er ulovleg omsetjing av varer. Det kan vere

  • varer som er vanskelege å få tak i lovleg eller som er rasjonerte (typisk svartebørshandel av mat under andre verdskrigen).
  • varer som ved lovleg handel er pålagde ein maksimalpris, men som på svartebørsen kan seljast til overpris.
  • varer som er pålagde avgifter ved ordinær omsetjing, men som kan seljast billigare i ein svart marknad.
  • varer som er ulovleg å kjøpe eller selje, eller varer det er knytt restriksjonar til (t. d. våpen, narkotika).

I Noreg er nemninga sterkt knytt til omsetjinga av rasjonerte varer i krigstida, og brukast helst om omsetjing av varer til overpris. Difor kan nemninga òg verte bruka om lovleg omsetjing av varer til overpris. Eit døme på det er sal av billettar til kultur- og idrettsarrangement. Slike billettar kan seljast til overpris på svartebørsen når dei er utselde i ordinære billettutsal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]