Hopp til innhald

Svefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svefjorden sett frå Saltstraumebrua og Salstraumen

Svefjorden er ein fjordarm av Saltfjorden i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km austover på sørsida av Knapplundøya til Skjerstadfjorden. Han er ei fortsetjing av Saltstraumen og byrjar der Saltstraumen frå nord møter Indre Sundan frå vest.

Riksveg 812 går langs delar av sørsida av fjorden og går mellom anna gjennom bygda Tuv.