Svein Borkhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Borkhus
Fødd21. november 1955
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Alvdal 1999-2007
FøregangarPer Hvamstad
VervOrdførar i Alvdal 2011-2015
FøregangarOlov Grøtting

Svein Borkhus (fødd 21. november 1955) er ein politikar som representerte Arbeidarpartiet og var ordførar i Alvdal kommune frå 1999 til 2007 og frå 2011 til 2015.[1]

Han vart vald som ordførar i Alvdal kommune i Hedmark fylke etter valet i 1999. Etter to periodar som ordførar takka han nei til å stille til omval gjekk over til fylkespolitikken og frå oktober 2007 til 2011 var han medlem av fylkesrådet i Hedmark, med ansvar for miljø og samferdsel. Ved valet i 2011 gjekk han attende til kommunepolitikken og han vart igjen vald til ordførar i Alvdal.

Borkhus sat i kommunestyret i Alvdal frå 1988 til 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Rasmussen Steien (2. oktober 2015): Hyllet irriterende Jarle. Østlendingen