Svetlana Khorkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Khorkina


Statsborgarskap Russland
Fødd 19. januar 1979 (45 år)
Belgorod
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommer-OL 2004 – Mangekamp kvinner, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's uneven bars

Utmerkingar

Æresordenen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Venskapsordenen

Svetlana Vasiljevna Khorkina (fødd 19. januar 1979) er ein russisk tidlegare turnar frå Belgorod. Ho var tre gongar verdsmeister i mangekamp og like mange gongar europameister. Khorkina er ein av dei mest suksessrike kvinne-turnarane.

Khorkina deltok i dei olympiske sommarleikane i 1996, 2000 og 2004, tok i alt sju OL-medaljar. I 1996 vart ho olympisk meister i skranke, ein meistertittel ho forsvarte i 2000. Åra frå 1994 til 2003 sanka ho tjue medaljar i verdsmeisterskap, sigra i mangekampen i 1997, 2001 og 2003. Ho vann elles fem VM-gull i skranke-øvinga og eitt i hopp. Over åra tok ho VM-medalje i kvar av dei fire øvingane. Perioden 1994-2004 sikra ho seg tretten gullmedaljar, fem sølvmedaljar og to bronsemedaljar ved europameisterskapane. Såleis triumferte ho åra 1998, 2000 og 2002 i mangekampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]