Sydney Wooderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sydney Wooderson


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. august 1914
Camberwell
Død

21. desember 2006 (92 år)
Dorset

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Sydney Charles Wooderson (30. august 191421. desember 2006) var ein britisk mellom- og langdistanseløpar frå London som vart europameister på 1500 meter i 1938 og på 5000 m i 1946.

Wooderson vart fem år på rad britisk meister på ei engelsk mil før 2. verdskrig braut ut i 1939. Under sommarleikane i Berlin i 1936 var han plaga av ein ankelskade og lukkast ikkje nå finalen på 1500 meter. Etter ein operasjon kom han i 1937 tilbake og sette verdsrekord i «mile»-løp med tida 4.06,4.

I 1938 sette Wooderson verdsrekord på 800 meter med tida 1.48,4. Same hausten vann han gullmedaljen på 1500 m under friidretts-EM i Paris, ni tidels sekund framom belgiaren Joseph Mostert.

Svaksynte Wooderson vart funnen ueigna til soldat, og gjorde under verdskrigen teneste i heimlandet.

Den 9. september 1945 deltok Wooderson i eit stemne i Stockholm og sette i eitt og same løp britiske rekordar både på 1500 meter, tid 3.48,4, og over ei engelsk mil, tid 4.04,2, men det var den svenske toppløparen Arne Andersson som vann løpet. Under EM i friidrett 1946 i Oslo vann Wooderson 5000-metergullet på 14.08.6, den nest beste 5000-tida ved den tid. I 1948 sprang han inn til siger i britisk meisterskap i terrengløp, men deltok ikkje i London-OL same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]