Sygard Grytting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°34′32.477″N 9°53′30.534″E

Sygard Grytting
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sygard Grytting er ein gamal gjestegard som ligg i Sør-Fron kommune midt i Gudbrandsdalen.

Sygard Grytting er tildelt Olavsrosa

Gjestetradisjon[endre | endre wikiteksten]

Skinnbrev fra 1300-talet funne i mellomalderbygningen på Sygard Grytting.

I 1343 møtes nokre av landets mektigaste menn i ”suemfstofuonne j Grytingh a Frone sydra gardenom ” (dvs. svevnstova på Sygard Grytting på Fron). Det gjeld deling av ein stor arv, der barnebarnet til kong Håkon V Magnusson, baron Sigurd Haftorson frå Sudrheim, er den eine arveparten. 

I 1775 beskriv historikaren Gerhard Schøning ganske detaljert ein usædvanleg bygning i tre høgder på Grytting som ”berettes at have tient til kloster”. I 1785 skriv prost Hiorthøy om munkekloster både på Grytting og nabogarden Rolstad. I dag meiner fagfolk at det var valfarten av pilegrimar (munkar) til Nidaros som har gjett denne tradisjonen.. 

Svevnstova/ ”klosteret”/ mellomalder herberget blir borte for allmenheita i 200 år fordi prosten i 1785 skriv at bygningen er ” for nogle år siden nedrevet”. Omkring 1780 flyttes heile tunet på Sygard Grytting høgare opp på eigedomen. Prosten er ikkje kjent med at storloftet frå mellomalderen vert bygd om i det nye tunet, slik tradisjonen er på garden. Fyrst i 1985 undersøker riksantikvaren ved Arne Berg bygningen, og finn ut at den har finndalslaft (dvs. frå før svartedauden i 1350) og at dimensjonen er landets største loft frå katolsk tid. Det kan vanskeleg tenkjast at det var fleire slike store loft på same gard utan at det vert nemnd i 1775. 

Brosjyre frå Grytting Pensjonat 1920

Dei største forandringane i 1780 med mellomalderherberget på Grytting er svalgangen og tredje etasjen, samt vindauger og dører. 

Frå 1917-1958 er det pensjonatdrift i nedre hovedbygningen som i dag er historisk hotell . Dei marknadsførte da ”rein luft, reint drikkevatn, vel-laga og kraftig kost frå gardens egen produksjon og naturskjønne omgivelser”. 

Slektstradisjon[endre | endre wikiteksten]

Sygard Grytting har truleg tilhørt same slekt sidan 1300-talet. 

I rettsdokument frå 1534 ser ein eksempel på den 1000-årige særnorske odelslova. Garden kjem da over på inngifta ektefelles familie. Men i ei vidløftig ankesak til ein høgare rett på Hamar vinn slekta tilbake ”det faste gods”, som etter norsk lov ikkje skal koma i ”utarv”, mens ektefelles familie får behalde ”løsepenge” (løsøre). For å finne rettmessige eigarar, føres slekta tilbake til 1300-talet. 

Frå 1534 er Stig S. Grytting 16. generasjons eigar i familien. 

I tillegg til brukarparet, Hilde (f.1962) og Stig (1957), så bur deira tre søner Halvor (1990), Iver (1992), Amund (1995) og onkelen til Stig, Hans O. Grytting (1930) på garden (eigar 1955-1989). Hans er nå føderådskar, men er enno ein viktig medhjelpar i drifta. 

Hilde er utdanna ergoterapeut og har arbeidd i helseetaten i Nord-Fron kommune 1989-1996. 

Stig er sivilingeniør fra NTH og har arbeidd både for entrepenør og byggeteknisk-konsulent frå 1983-1995. 

Gardsnamn[endre | endre wikiteksten]

Grytting er i følgje Oluf Rygh danna av gamalnorsk grjot som betyr stein og avleiingsending. Endinga kan vera –vin, som tyder eng, slette. Altså stein-slette. Vin-namna vert rekna å vera frå folkevandringstida 200-400 e.Kr. Grytting er det eldste namnet i grenda Ryssland som har eit særdeles rikt oldtidsfunn frå 300.e.Kr. 

I tidleg mellomalder er Grytting to gardar; Sygard og Nordgard. Sygard betyr altså søre garden og opptrer skriftleg i 1343 slik; ”grytingh a frone sydra gardenom”. I muntleg tale vert mest berre Grytting brukt.

Den doble konsonanten (tt) dukker opp skriftleg på 1500 talet og er nok dansk påverknad. 

Landbruk [endre | endre wikiteksten]

Lam på Grytting
Høykøyring på Grytting

I dag er landbruket spesialisert til sau, korn, grasproduksjon og skogsdrift. 

I gamal tid var drifta svært allsidig og garden var sjølvforsynt med det meste. Dyretalet på hovudbølet i 1865 er: 9 hestar, 34 naut, 26 sauer, 1 geit, 7 grisar pluss dyra på 6 husmannsplassar. Fronsbygdene var frå gamalt av ”kornkammeret” i Gudbrandsdalen. Mykje gjekk til bergstaden Røros. I dalstrøka var utmarka og seter med kraftig fjellbeite ein stor del av ressursgrunnlaget. I 1860-åra kjem Gudbrandsdalsosten og blir ei gjev vare med stor verknad på økonomien i dalen. Når mekaniseringa av landbruket skyt fart i siste halvdel av 1800-talet blir den tunge døla-hesten attraktiv og hesteavl attåtnæring for fleire i midt-dalen. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sygard Grytting
  • Offisiell nettstad
  • Berg, Arne. ”Norske Tømmerhus frå Mellomalderen, Bind 2”
  • Professor Steen, Sverre. ”Ferd og fest”
  • Hovdhaugen, Einar (1973). "Gardar og slekter i Fron, Bind 1 Sør-Fron". Fron Historielag, Otta 1973.
  • Vis Sygard Grytting i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv