Sylvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sylvin

Sylvin er eit mineral som særleg finst i saltleier og består av kaliumklorid, KCl. Det krystalliserer kubisk, er oftast fargelaust eller kvitt, men kan òg vere blåleg eller raudleg.

Det er eit viktig kaliumgjødsel, og blir òg brukt til framstilling av andre kaliumsambindingar. Det finst særleg ved Stassfurt i Tyskland, i Polen, Canada og USA (New Mexico, Texas).

Namnet kjem frå det latinske Sal digestivus Sylvii, etter F. Sylvius de le Boë (1614–1672), ein hollandsk lækjar og kjemikar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sylvin. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sylvin.