Syndese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Syndese er ei nemning i språkvitskapen for å binda saman ord, setningsledd eller setningar ved hjelp av konjunksjon, t.d. og. Ordet kjem av gresk syn- og deein, som tyder saman- og binda. Norsk uttale er synde`se. Syndese kan bli brukt som eit litterært verkemiddel. Det motsette av syndese er asyndese.

Døme på syndese som litterært verkemiddel[endre | endre wikiteksten]

Syndese er brukt som eit litterært verkemiddel i skapingssoga i Bibelen. I Første Mosebok, kap. 1, vers 2, heiter det:

Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart
det ljos. Og Gud såg at ljoset var
godt, og han skilde ljoset frå mørk-
ret. Gud kalla ljoset dag, og mørk-
ret kalla han natt. Og det vart kveld,
og det vart morgon, fyrste dagen.

Denne bruken av konjunksjonen og seinkar farten i teksten, framhevar kvart ledd og skaper ei høgtidleg stemning. Verknaden blir forsterka ved at dei same formuleringane blir gjentekne ettersom skapingsverket skrid framover. I slutten av kap. 1 heiter det:

Og Gud skoda alt det han hadde
gjort, og sjå, det var overlag godt. Og
det vart kveld, og det vart morgon,
sjette dagen.

I diktet HErre Gud! dit dyre Navn og Ære (trykt 1714) nyttar Petter Dassbarokk vis ei overdådig opprekning av konkrete ting som verkemiddel. Opprekninga er ofte kombinert med syndese, t.d. i den fjerde strofen:

Ja, før Gud sin Ære skal Forlise,
Før skal Hav og grummen Hval Ham prise,
Samt og Tanteyen, Som løber Leyen,
Steenbid og Seyen og Torsk og Skreyen,
Og Nise.

Syndesen er med og understrekar kvart ledd i opprekninga.

Også Ivar Aasen synte sans for det konkrete mangfaldet då han i diktet Gamle Norig skildra norsk natur:

Der er Vikar og Votn og Øyar,
tusund Fjordar og tusund Fjell,
Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar,
Dalar, der Fossen diger fell.

Syndesen styrkjer den kjærlege dvelinga ved naturen som opprekninga er uttrykk for.

I romanen Pan av Knut Hamsun, som er kjend for sine vakre innslag av prosalyrikk, er syndese eitt av verkemidla:

Fra min hytte kunde jeg se et virvar av øer og holme og skær...(s. 2)
Og jægeren det er mig, og hun vil give mig et vink med øjnene å forstå efter. Og når hun kommer, forstår mit hjærte alt, og det slår ikke længer, det klemter. Og hun er nøgen under linet fra top til tå, og jeg lægger min hånd på hende. (s. 31).
En skål, I mennesker og dyr og fugle, for den ensomme nat i skoge, i skoge! En skål for...grønt løv og gult løv!(s. 120)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]