Kunstfiber
Utsjånad
(Omdirigert frå Syntetisk fiber)

Kunstfiber er syntetiske tekstilfiber framstilte av olje eller cellulose. Fiber framstilt av mineral eller metall vert òg oftast klassifiserte som kunstfiber.

Kunstfiber vert delte inn i fire hovudgrupper:
- Regenererte fiber; naturleg forekommande polymer som vert oppløyste og sett saman til nye fiber utan at den kjemiske samansetninga vert endra. Hit høyrer t.d. viskose, modal, kupro og lyocell.
- Derivatfiber framstilt av naturleg forekommande polymer som under framstillingsprosessen gjennomgår ein kjemisk reaksjon slik at den kjemiske samansetninga av polymerane vert endra. Hit høyrer acetat og triacetat.
- Syntetiske fiber framstilt av enkle kjemiske sambindingar som reagerer med kvarandre og dannar lange trådforma makromolekyl. Hit høyrer t.d. polyamid, polyester og akryl.
- Mineralfiber og metallfiber framstilt av uorganiske stoff, som ulike metall eller mineral. Hit høyrer t.d. steinull og glassfiber.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første tekstile kunstfibera vart framstilte på 1800-talet.
- 1889 vart nitratsilke vist fram på verdsutstillinga i Paris.
- 1892 vart viskose funne opp i England.
- 1897 vart koparsilke framstilt i Tyskland.
- 1914 framstilte tuske og italienske fabrikkar kortfibrig rayon under handelsnamnet cellwolle
- 1924 starta framstillinga av acetatfibrer i England.
- 1938 vart nylon lansert i USA og perlon i Tyskland.
- 1941 vart terylen framstilt i England og dacron i USA.
- 1948 vart akrylfiber framstilt i USA.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «kunstfiber» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Konstfiber» frå Wikipedia på svensk, den 30. januar 2010.